Mykje snø? Slik hjelper du renovatøren på vinterstid

Hugs å måke snø og stille opp behaldarane med handtaket mot renovasjonsbilen til neste tømming.

Snø og is kan gje utfordrande forhold ved henting av avfall. Slik sikrar du at renovatøren får tømt behaldarane dine.

På vinterstid kan det bli ekstra mykje kaving for renovatørane dersom behaldarane står feil veg med mykje snø og is rundt. Difor set me stor pris på om abonnentane hjelper til med å tilretteleggje ved å følgje dei enkle råda under.

Slik gjer du:

  1. Mok vekk snø oppå og rundt behaldarane

  2. Strø på oppsamlingsstaden, så det ikkje blir glatt

  3. Still behaldarane rett veg, med handtaket ut mot renovasjonsbilen

  4. Still behaldarane samla på fleire rader heller enn på ei lang rad (sjå døme her)

  5. Pass på at ikkje avfallet frys fast i behaldaren (her finn du tips)

Takk for hjelpa!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Utlevering av bioposar og plastsekkar

Neste
Neste

Sjå alle bidraga i teiknekonkurransen på 6. trinn