Elevar frå Gaupne på 2. plass i fylkeskåring

Dei kloke hovuda frå Gaupne barneskule stilte sterkt med sitt bidrag til fylkeskåringa for årets SMARTere teknologi-konkurranse. Gratulerer!

Som ein del av undervisningsopplegget SMARTere teknologi har elevane utvikla eit system for framtidas avfallsløysingar. Modellen deira var så god at dei kom heilt til fylkesfinalen.

Gruppa frå Gaupne har utvikla eit system som skal motivere til betre kjeldesortering og kunnskap om korfor me sorterar avfallet. Med lyd og poengsum blir ein motivert til å sortere avfalet rett. Ein robot tømmer så boset i dunkane ute, og desse er utstyrt med unike QR-kodar som sender lesaren direkte til relevant faktaside på SIMAS si heimeside. Slik meiner gruppa frå Gaupne at me kan bli betre på kjeldesortering.

Ei flott, nytenkjande og morosam løysing på problemstillinga som elevane fekk:

Korleis kan ein, ved hjelp frå teknologi, motivere folk til å bli flinkare på kjeldesortering, ombruk og/eller å lage mindre avfall?

Igjen, gratulerer med 2. plass i fylkeskåringa! Me vil óg takke Ungt Entreprenørskap Vestland for at me i SIMAS fekk koma med årets problemstilling.


Relaterte saker:

Skuleelevar i Sogn har modellert framtidas avfallsløysingar

I lag med Ungt Entreprenørskap har SIMAS kåra dei beste berekraftige løysingane for framtida frå 6. klassingar i Sogn.

Kan skuleelevar hjelpe oss med “SMARTere teknologi”?

Saman med Ungt Entreprenørskap vil me utfordre elevar i Sogn på å finne kreative og berekraftige løysingar som kan hjelpe avfallsbransjen.

Forrige
Forrige

Rydd kysten og vinn flotte premiar

Neste
Neste

Signering av avtale mellom SIMAS og Årdal kommune