Rydd kysten og vinn flotte premiar

Kvart år blir det rydda tonnevis med plast frå vatn, kyst og fjord gjennom Kystlotteriet. Blir du med i år?

Saman med Kystlotteriet vil SIMAS tilretteleggje for at det skal vere enkelt og gøy å rydde kysten for avfall. Plast i havet skadar fiskar, sjøfuglar og marine pattedyr. Ved å bli med og plukke marint avfall kan du bidra til å gjere ein viktig forskjell for dyra.

Slik fungerer Kystlotteriet:

  1. Hent spesialsekk frå Kystlotteriet på ein miljøstasjon, eller ta kontakt med SIMAS om alternativ utlevering.

  2. Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Legg avfallet i spesialsekken.

  3. Lever sekken på ein av miljøstasjonane.

  4. Skann QR-koden på sekken med telefonen din og følg instruksjonane for å registrere sekken og få lodd. Du gjere dette på reg.kystlotteriet.no

  5. Ha godt samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingrane for at du i tillegg vert premiert for det!

Det vert både lokale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Sjå meir om premiar hjå Kystlotteriet.

Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, og meld deg gjerne på via Ryddeportalen. Del informasjonen med venene dine og hjelp oss å spreie det glade bodskap!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vellukka komposteringskurs i Sogndal og på nett

Neste
Neste

Elevar frå Gaupne på 2. plass i fylkeskåring