Vellukka komposteringskurs i Sogndal og på nett

Kurs i heimekompostering i Festingdalen, 25. mai 2023.

Gjekk du glipp av kurset i heimekompostering? No kan du sjå det i opptak på nett.

Torsdag 25. mai blei det holdt kurs i heimekompostering i Festingdalen. Kurset var eit gratistilbod til alle SIMAS sine abonnentar, og det var kjekt å sjå at det vekte interesse.

På kurset delte både kurshaldar Marit Bendz og deltakarane frå eigne erfaringar, og det blei fleire gode diskusjonar undervegs. I tillegg til å lære meir om korleis ein komposterar, fekk deltakarane óg mykje inspirasjon til korleis ein kan bruke komposten i eigen hage.

Eit steg mot meir berekraftig livsstil

Arrangør Jørn Mortensen hjå SIMAS var nøgd med oppmøtet, og glad for at så mange ville lære meir om å kompostere sjølv:

– Heimekompostering er eit flott tiltak for ein meir berekraftig livsstil. Med eigen kompost blir behovet for transport reduserert, og ein kan nytte komposten i kjøkenhage og blomsterbed. Det gir óg redusert avfallsgebyr, betre forhold til kor mykje mat ein kastar og kanskje kan det vere med på å redusere matsvinn, fortel han.

Les meir om å kompostere eiget organisk avfall

Sjå gratis opptak av kurset her:

Opptak av kurs i heimekompostering 25.05.2023

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

SIMASkompost i Sogndal sentrum

Neste
Neste

Rydd kysten og vinn flotte premiar