Gratis kurs i heimekompostering 25. mai

Kompostering er lærerikt og kjekt, og du får næringsrik jord som du kan bruke i hagen. Bli med på kurs med Marit Bendz!

Kurs i heimekompostering tek føre seg korleis ein kan kompostere sitt eige organiske avfall. Dette er ein utmerka måte å nytte eigne ressursar på, og du sparar miljøet for både avfall og transport. Samtidig er jorda så næringsrik at du ikkje lenger treng å kjøpe gjødsel, så du sparar lommeboka litt i same vending.

Kurset er heilt gratis, og er eit tilbod til alle SIMAS-abonnentar som heimekomposterer, kunne tenkje seg å kome i gang eller berre er litt nysgjerrig på å lære meir.

Gratis kurs i Festingdalen

Me tek utgangspunkt i at me treng 10 eller fleire deltakarar for å gjennomføre, så hugs å melde deg på!


Om kurshaldar Marit Bendz


Marit Bendz
er journalist og forfattar, mellom anna av boka «Glade dyr og levande jord». Ho er lidenskapeleg oppteken av hagebruk, økologi, kompostering og sjølvberging, og er ei av drivkreftene i Vie andelslandbruk i Sunnfjord. 

Marit kan alle triks i boka om korleis du kan gjera matavfallet ditt om til god og næringsrik jord – og kva du kan bruka den til. Ho kjem til å dela av kunnskapen sin og inspirera deg til å prøva sjølv. 


Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Signering av avtale mellom SIMAS og Årdal kommune

Neste
Neste

Sommartid på miljøstasjonane og endringar i mai