Skuleelevar i Sogn har modellert framtidas avfallsløysingar

To av mange gode løysingar for framtida.

I lag med Ungt Entreprenørskap har SIMAS kåra dei beste berekraftige løysingane for framtida frå 6. klassingar i Sogn.

Undervisningsopplegget SMARTere teknologi blei denne våren gjennomført i regi av Ungt Entreprenørskap Vestland. Her får elevane ei oppgåve frå ei lokal bedrift som dei skal finne ei framtidsretta løysing på. Kanskje vil ikkje løysinga vere gjennomførbar i dag, men om 50 år.

SIMAS har bidrege med sjølve problemstillinga, samt i juryen som har kåra vinnaren i regionfinalen.

Problemstillinga frå SIMAS:

Vinnarane frå Tangen. Foto: Faksimile frå Sogn Avis.

Korleis kan ein, ved hjelp av teknologi, motivere folk til å bli flinkare til kjeldesortering, ombruk og/eller å lage mindre avfall?

Me er glade for å sjå at elevane tok utfordringa på strak hand!

Mange kreative løysingar

Då SIMAS skulle vere med i juryen, var det ikkje ein enkel sak å kåre vinnaren.

– Det var inspirerande å sjå kreativiteten til elevane, seier Jørn Mortensen hjå SIMAS.

– Dei hadde mange gode forslag og moglege løysingar for å imøtekome den aktuelle problemstillinga rundt ressursbruk i framtida. Det blei vanskeleg å avgjere!

To vinnarar vidare til fylkesfinalen

Til slutt blei to av elevgruppene er vald ut som vinnarar i regionfinalen. Dei går no vidare til fylkesfinalen.

I region Luster og Sogndal blei ei gruppe på Gaupne skule vinnar med sitt poengsortering-konsept. Vinnar i region Aurland, Lærdal og Årdal blei ei gruppe på Tangen skule, med konseptet “Superkastematen 1000”.

Me ønskjer elevane lukke til i fylkesfinalen, og gler oss til å sjå kva framtidas løysingar bringer.


Sjå alle bidraga i konkurransen:

Tangen (Vinnar) - Sjølvsorterande robot

Ein robot som når du kastar avfall i kurven, kjenner att materialet og sorterer det for deg. Forslaget er å først utvikle produktet på hjul, og sidan til å kunne fly rundt i huset - for mest mogleg mobilitet.

Farnes - Pantestasjon for avfall

Ein mottaksstasjon for avfall inspirert av pantesystemet. Du kastar inn avfallet, ein laser kjenner att materialet og sorterer riktig. Deretter får du betaling for mengde.

Lærdalsøyri - Mottaksstasjon

Ein mottaksstasjon der du kan levere ting til ombruk. Eit kamera viser direkte kva som kjem inn, og du kan følgje med via mobilen. Etter to dagar på samlebandet blir gjenstandane sendt til attvinning.

Gaupne - Utlånstasjon med app

Ein miks av utstyrslager, felles bod og klesskåp. Her har ein oversikt over kva som finst i lokalet via app, og kan kome og låne det ein treng. Viss ein ønskjer det, kan ein kjøpe varen.

Gaupne - Redesign av klede

Kunden leverer inn klede og vel i appen kva dei ønskjer av endringar. Så får kunden omsydde klede levert tilbake.

Gaupne (Vinnar) - Sortering med poeng

Her får ein poeng og negativ/positiv lyd alt ettersom ein sorterer rett. Ein robot fraktar avfallet frå bøttene inne til dunkane ute. Dunkane har QR-kode som sender skannaren inn på relevant side hjå SIMAS.

Farnes - Kompostbinge

Ein kompostbinge som óg kan sjekke om matavfallet er eteleg. Blir augebryna heva, kan du trygt ete maten. Viss ikkje, kan du mate “robot-kompostbingen” med avfallet.

Aurland - App for redesign av klede

Ein app for å redesigne klede slik at eit plagg kan bli som nytt. Kleda leverast til fabrikk, kor alt blir sydd for hand, og du får kleda dine lagt opp, sydd inn eller omdesigna etter eiget ønskje.

Gaupne - Smart kleshandel

Smart kleshandel: For å redusere forbruket av klede, ønskjer elevane at folk kan kjøpe ei bukse eller ein genser som har fibrar som kan endre farge. Fargevalet blir styrt via ein app på mobilen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Påsken 2023: Endringar i tømmeruter og opningstider

Neste
Neste

Etter påske blir det gratis kompost ut mai 2023