Ny plukkanalyse av avfallet vårt: – Spent på å sjå utviklinga

Førre plukkanalyse av avfall blei utført hjå SIMAS i Festingdalen i 2020.

Førre gang SIMAS analyserte avfallet til sogningane, overraska resultata. I haust blir det ny runde.

Formålet med analysen er å få betre innsikt i samansetningen av avfallet som kjem inn.

– På denne måten kan me sjå kor det ligg mest potensial for endå meir sortering, forklarar Anne Sigrid Loftesnes Harjo, HMS og kvalitetsleiar i SIMAS.

I praksis føregår det slik at avfallet samlast inn som normalt, men avfallsposene blir opna, analysert og sortert.

– Slik ser me kva som er sortert feil og kva som er sortert rett, seier Harjo.

50 prosent av matavfallet skulle aldri vore kasta

Ved førre analyse, for fire år sidan, blei 1233 kg restavfall og 817 kg våtorganisk avfall detaljsortert. Saman med Multiconsult jobba SIMAS kvar dag i ei veke med å analysere avfallet.

Resultatet overraska:

– Totalt sett var sogningane blitt betre til å sortere sidan i 2014 som me samanlikna med. I 2014 kunne 75 prosent av restavfallet vore kjeldesortert, mens i 2020 var talet nede i 50 prosent, gjengir Harjo.

– Det som var sjokkerande den gong, var at heile 30 prosent av restavfallet var mat. Og halvparten av maten som kom inn totalt sett var etbar. Det betyr at 50 prosent av alt matavfallet aldri skulle vore kasta.

Dette førte til eit nytt og større fokus på matavfall gjennom kampanjen “Bli ein matreddar”.

Spente på årets resultat

– No er me spente på å sjå utviklinga vidare etter dette og å kunne samanlikne 2024 mot 2020 og 2014. Har sogningane blitt endå betre på sortering? Det er det store spørsmålet, avsluttar Harjo.

Plukkanalysen for 2024 blir gjennomført uanmeldt i haust, for å sikre eit mest mogleg reellt resultat.

Spesielt interessert? Les heile rapporten frå 2020 her (Multiconsult)


Saker frå førre runde:

Her sjekkar studentane kva med-studentane kastar

– Me er overraska over kor mykje etbar mat studentane i Sogndal kastar.

Les artikkelen

SIMAS-direktøren ønskjer hjelp frå alle i Sogn

Resultata frå plukkanalysen sjokkerte Hallvard Thomassen. No har både han og SIMAS teke grep - og ønskjer at du òg blir ein matreddar.

Les artikkelen

Dagny er positivt overraska over resultata: – Sogningane fortener skryt

“No har resultata frå plukkanalysen til Simas kome, og sogningane imponerer”. 24.11.2020

Les artikkelen i Sogn Avis (+)

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Neste
Neste

To ledige stillingar i SIMAS: Sjåfør og driftsoperatør