Ønsk deg brukte gåver til jul

Seier du frå om at du ønskjer brukte gåver under treet, kan du skåne både lommeboka og miljøet.

Ei årleg undersøking frå Finn.no, syner at me nordmenn blir meir og meir positive til brukte julegåver.

Undersøkinga frå 2022 viser at 50 prosent er positive til å gje brukte julegåver, og heile 70 prosent er positive til å motta brukte gåver - så lenge gåva er noko dei likar.

Dette er en sterk økning fra tidligere og det at man faktisk får en gave som faller i smak er viktigere enn at den er ny. Dette er et godt utgangspunkt for å gjøre årets julegavehandel på bruktmarkedet.

- Kathrine Opshaug Bakke, leiar for FINN Torget. 

Likevel kan mange vere redde for kva mottakaren vil tenkje viss ein gjev vekk brukte gåver. Me i SIMAS ønskjer å løfte fram oppmodinga frå Fretex: Sei frå om at du ønskjer brukte presangar i år!

Viss me tør å ta initiativ og få det avklart, blir det fort nokre fleire brukte klede og gjenstandar under juletreet.

Skal du kjøpe brukte gåver, er det nokre ting som kan vere lurt å ha i bakhovudet. Forbrukarrådet og forsikringsselskapet Gjensidige har utforma anbefalingar til deg som handlar brukt.

Og du? Hugs at det er tanken som tel. Får du noko du ikkje trenger, kan du alltids gje det vidare.

God førjulstid!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Hugsar du å sjå etter sorteringsmerke?

Neste
Neste

Internasjonal dag mot matsvinn 29. september