SIMAS resertifisert som Miljøfyrtårn

Me jobbar systematisk med miljøtiltak og er stolte av å bli resertifisert som Miljøfyrtårn for tre nye år.

SIMAS blei sertifisert gjennom stiftinga Miljøfyrtårn for første gong i 2015. For å sikre god miljøstyring, må verksemder resertifiserast kvart tredje år. Denne prosessen har SIMAS no vore gjennom for tredje gong.

– Det har vore spennande å vere med på denne prosessen. Med godt engasjement på huset var det moro å forberede seg til besøk av sertifisør, seier Jørn Mortensen, rådgjevar for kommunikasjon og berekraft i SIMAS.

 

–  Ligg i sjølve namnet vårt

I SIMAS sin strategi står det at selskapet skal vere eit verktøy for at eigarkommunane skal nå måla sine innan klima og berekraft. Visste du at forkortinga SIMAS faktisk står for Sogn interkommunale miljø og avfallsselskap?

– Miljøaspektet ligg jo i sjølve namnet vårt, seier Mortensen.

– Men sjølv om hovudoppgåva vår er å regne som noko berekraftig, eller positivt for miljøet, er det viktig å vurdere korleis me gjer det.

 

Berekraft i alle ledd

I alt var det rundt 40 vurderingskriterier for å kunne bli resertifisert som Miljøfyrtårn. For å vurdere om eigen drift er berekraftig, må ein stille seg spørsmål som til dømes:

Skal me kjøpe elektriske renovasjonbilar? Har arbeidarane på fabrikken der arbeidskleda våre vert produsert arbeidsrettigheitane sine i behald? Korleis kan me vere med på å legge til rette for meir ombruk i regionen vår?

–  Ved å utforme innkjøpsrutinane slik at me stiller tydelegare krav til dei me handlar frå, rettar me søkelys på blant anna miljøbelastning frå produksjon og arbeidsforholda til dei som har laga utstyr og produkt me kjøpar, fortel Mortensen.

Som sertifisert Miljøfyrtårn vil SIMAS bruke dei neste tre åra på å jobbe vidare med å sikre god ressursutnytting og ha fokus på miljø, samfunn og økonomi.

> Les meir om miljøarbeidet i SIMAS

Forrige
Forrige

Unngå at avfallet frys fast

Neste
Neste

Ny plukkanalyse av avfallet vårt: – Spent på å sjå utviklinga