Unngå at avfallet frys fast

Avis er eit fint tiltak mot fastfrosen matavfall

Frys avfallet fast i dunkane, får ikkje renovatøren det med seg.

Når det vert så kaldt som no, kan ting lett fryse fast i avfallsdunken - særleg våtorgansik avfall. Dette inneber at renovatøren ikkje får det med seg (grunna helsemessige omsyn skal ikkje renovatørane ta i avfallet, og det som ikkje fell ut av seg sjølv blir igjen i dunken).

Her er tips for å unngå at avfallet frys fast:

  • Legg ei avis, eggekartong, bark, strø eller flis i botn av dunken.

  • Legg gjerne tørkepapir eller avispapir oppi saman med avfallet, for å trekke til seg litt av fuktigheita.

  • Sørg for at biposen er godt knytt saman.

  • Lukk loket på papirdunken heilt, slik at det ikkje kjem fukt til papiret.

NB! Hugs å måke og strø så renovatøren kjem seg fint fram.

Neste
Neste

SIMAS resertifisert som Miljøfyrtårn