Nytt besøk av studentar frå Høgskulen

Studentane på tredje året frå Fornybar Energi tok turen til anlegget vårt i Festingdalen. Der fekk dei ein innføring i avfall og renovasjonsbransjen, i tillegg til ein omvising på anlegget.

Innføringa i SIMAS og sirkulærøkonomi tok føre seg

·         Nasjonal merkeordning for kjeldesortering

·         Politisk styring gjennom økonomiske insentiv og rammevilkår for næringsliv

·         Openheitslova og sosialt arbeid

·         Eit historisk blikk på overgangen frå deponi til materialstraumar med sekundære råvarer

·         Korleis me i samband med andre aktørar legg til rette for og styrkar ombruk i regionen.

Omvisinga på anlegget synar korleis me handterer dei ulike «fraksjonane» og utfordringar ved feilsortering. I tillegg til korleis nasjonal og regional myndigheit, t.d. statsforvaltaren, påverkar drift og arealbruk i samband med handteringa av ressursane.

Forrige
Forrige

Ledig stilling: Sjåfør/renovatør i SIMAS

Neste
Neste

Unngå at avfallet frys fast