Ledig stilling: Sjåfør/renovatør i SIMAS
Me treng ein sjåfør/renovatør til renovasjonsbil.
Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No treng me ein ny kollega som kan hjelpe oss i arbeidet.
Nokre av arbeidsoppgåvene:
Sjåfør på renovasjonsbil
Utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr
Arbeidet omfattar noko kundekontakt og kommunikasjon med kundesenter
Rapporterer direkte til driftskoordinator og avdelingsleiar
Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting.
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Me lovar varierte og meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn. Me håpar du vil søke!
Type stilling: Fast, heiltid
Søknadsfrist: 22. desember 2024
Arbeidsplass: Festingdalen, på Kaupanger i Sogndal
Interessert? Søk på stillinga via Jobbnorge