“Legg merke til merka” - Ny nasjonal kampanje
Sorteringa blir enklare når du får samme merke på det du sorterer og der du kastar. Legg du merke til sorteringsmerka?
Hausten 2024 går sortere.no og LOOP (stiftinga for kjeldesortering og gjenvinning) i bresjen for ein ny kampanje som skal rette fokus mot den nasjonale merkeordninga for avfall.
Merkeordninga blei lansert i 2020 og formålet er å gjere det enklare å sortere riktig. Ordninga inneber at det er innført felles merke som symboliserer dei ulike fraksjonane. Ikon og farge er lik for heile landet, og uansett om du skal sortere heime, på jobben eller i det offentlege rom.
Men i ein travel kvardag legg kanskje ikkje alle like godt merke til merka:
8 av 10 meiner nemleg at tydeleg merking på produkt kan gjere sorteringa enklare. Men berre 5 av 10 ser etter merking når dei er usikre på korleis noko skal sorterast.
Difor er det viktig at me gjer merkeordninga merksemd gjennom denne kampanjen. Dette er eitt av mange konkrete tiltak for meir materialgjenvinning i Noreg.
Oppfordringa vår er tydeleg: Legg merke til sorteringsmerka på emballasje og søppeldunkar, så blir sorteringa mykje enklare. Og tips gjerne vidare! Saman kan me gjere ein forskjell.
Les også: Hugsar du å sjå etter sorteringsmerke?