Grøn Halloween: 5 tips for mindre avfall

Vel gjerne Halloween-pynt som kan brukast om igjen fleire år.

Midt i alt det skumle, kan Halloween ofte gje mykje avfall. Her kjem 5 enkle tips for ei skrekkelig god feiring som óg tek omsyn til miljøet.

Det blir meir og meir populært å feire Halloween også i Noreg. Det er tida for kostyme, godteri og dekorasjonar. Men midt i alt det skumle og spanande, kan feiringa ofte gje mykje avfall.

Me oppfordrar alle til å tenkje grønt og miljøvennleg når dei førebur seg til Halloween.

Her er 5 gode tips på vegen:

 

1. Lag kostymet sjølv

Mange kostyme inneheld mykje plast og syntetiske material. Kva med å lage ditt eiget kostyme i staden? Bruk gamle klede, tekstilar du har liggande, eller lån frå vener og familie. Her er det berre kreativiteten som set grenser! Ombruk gjer ikkje berre kostymet meir unikt, men reduserer også mengda avfall.

> Meny sine forslag til enkle, hjemmelagde Halloween-kostymer

 

2. Vel pynt som kan brukast om igjen

Dekorasjonar er ein viktig del av Halloween, men mykje er laga av plast og blir kasta rett etter feiringa. Kvifor ikkje lage din eigen pynt av naturmateriale som greiner, lauv, konglar eller gresskar? Eventuelt bør du velje pynt og dekorasjonar som har lang levetid og kan brukast i fleire år.

 

3. Bruk opp heile graskaret

Hugs at graskaret ikkje berre er til pynt! Innmaten kan du bruke til å lage suppe, pai eller snacks. Når feiringa er over, må du hugse å sortere graskaret som matavfall (fjern eventuelle lysrestar etc).

> NRK-sak: Oppskrifter og tips for å bruke heile graskaret

 

4. Vel meir miljøvennleg godteri

Vel godteri med mindre emballasje, eller eit alternativ med papirinnpakning som er enklare å sortere.

Kjenner du deg ekstra kreativ, kvifor ikkje lage heimelaga godteri eller snacks, og dele ut i små papirposar eller behaldarar som kan brukast om igjen?

 

5. Hugs å sortere avfallet etter feiringa

Fest og moro er ikkje ein grunn til å la vere å sortere. Ofte blir det meir avfall enn vanleg på slike markeringar, så då er det desto viktig å hugse å sortere avfallet i riktig fraksjon. Usikker på korleis noko skal sorterast? Søk det opp på sortere.no (dei har óg eigen mobilapp).



God (og grøn) Halloween!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Hyttekonteinarar Vikafjellet

Neste
Neste

“Legg merke til merka” - Ny nasjonal kampanje