Hugsar du å sjå etter sorteringsmerke?

Foto: Loop/Avfall Norge

Av og til kan ein vere usikker på korleis noko skal sorterast. Dei nasjonale sorteringsmerka bakpå produktet gir heldigvis svar!

Den nasjonale merkeordninga for kjeldesortering blei lansert i Noreg i 2020. Ordninga er altså berre tre år gamal, men me håpar dei fleste har fått den med seg likevel.

Ordninga inneber at det er innført nye, felles merker som symboliserer dei ulike fraksjonane. Ikon og farge er lik for heile landet, og uansett om du skal sortere heime, på jobben eller i det offentlege rom. Merket skal óg vere gjenkjenneleg på produkt og emballasje.

På denne måten skal det bli enklare for folk å kjeldesortere riktig - eitt av fleire konkrete tiltak for meir materialgjenvinning i Noreg.

Er du usikker på korleis noko skal sorterast - sjå etter merke på emballasjen! Finn du ikkje svar der, søk opp på sortere.no

Ulike ikon for kvar enkelt avfallstype. Foto: Looop/Avfall Norge

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Batteri som vert kasta feil kan skape brann!

Neste
Neste

Ønsk deg brukte gåver til jul