Det løner seg framleis for sogningane å kjeldesortere

– Det er synd om det etterlatte inntrykket frå media blir at sortering ikkje nyttar. For det gjer det absolutt, seier Jørn Mortensen, rådgjevar for kommunikasjon og berekraft.

Dei siste dagane har det vore medieoppslag om kjeldesortering og kva som skjer med avfallet etter det er sortert. Her kan ein få inntrykk av at avfallet nordmenn kjeldesorterer, ikkje blir materialgjenvunne men heller brent.

Dette stemmer ikkje - i alle fall ikkje for sogningane.

– Alt sogningane sorterer som kan bli gjenvunne, blir gjenvunne, seier Jørn Mortensen, som har ansvar for informasjonsarbeidet i SIMAS.

I Sogn blir sortert avfall gjenvunne

Hovudgrunnen til oppslaga om at mykje blir brent i staden for gjenvunne, er at ein god del av det som blir sortert faktisk er sortert feil eller ikkje kan gjenvinnast. Dette kan f. eks vere grunna for mykje matrestar i emballasjen eller mat som vert kasta i restavfallet. Då må dette trekkast frå totalen over kor mykje som blir gjenvunne.

Jørn Mortensen ved komposttorget i Festingdalen.

– I Sogn har me sortert avfall heilt sidan 2001, så dette kan me. Sogningane er jamt over gode på å sortere og det er lite avvik. Difor har me høg grad av gjenvinning, forklarar Jørn.

– Eit godt eksempel er at alt matavfallet som blir samla inn i Sogn, blir til næringsrik kompostjord på anlegget vårt i Festingdalen.

Arbeidet sogningane gjer med å sortere og samle inn glas- og metallemballasje er faktisk nominert til best i landet i år.

– Då er det synd om det etterlatte inntrykket blir at sortering ikkje nyttar. For det gjer det absolutt, seier han.

Hadde vore dyrare å ikkje sortere

– Om hushaldningane skulle kasta alt i ein behaldar og me hadde sendt det til forbrenning ville gebyret vore dyrare. Dette er på grunn av blant anna avgift på forbrenning og med det utslepp av CO2.

Les også: Kva er gevinsten av å sortere?

Det kjem stadig nye og strengare krav til sortering og gjenvinning frå myndigheitene. Då er det viktigare enn nokon gong at folk flest fortset å kjeldesortere. Og ikkje minst, tek vare på ressursene og forbrukar mindre.

Me i SIMAS vil henge oss på oppfordringa frå Loop, stiftinga for kjeldesortering og gjenvinning:

Behald lenger. Kast mindre. Kjeldesorter meir! Saman kan me spare miljøet for mykje unødvendig slitasje.

Vidare lesing:

Kva skjer med avfallet ditt?

Sjå korleis SIMAS behandlar dei ulike typene avfall som blir samla inn frå hushaldningane i Sogn.

Dette skjer med det du sorterer

Kva er gevinsten av å sortere?

I fjor sparte vi 11 200 tre ved å resirkulere papp og papir, berre i Sogn.

Så mykje kan me spare

Slik sorterer du i Sogn

Lurer du på kva fraksjoner me hentar heime hjå deg, når me kjem eller korleis du skal sortere eit konkret produkt?

Her finn du alt du treng å vite

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

“Legg merke til merka” - Ny nasjonal kampanje

Neste
Neste

Møte i representantskapet til SIMAS IKS, 25. oktober 2024