– Det finst ikkje avfall, berre råstoff som kan brukast til noko anna

Direktør Dagny Ugulsvik Alvik (t.h.) vil fortelje om mogleg satsing på biokol på kickoff 3. juni. Biletet er frå 2020.

Me etablerer ein sirkulær industripark i Sogn. Bli med på kickoff måndag 3. juni.

Arbeidet er i gang med å etablere ein sirkulær industripark på Kaupanger, kalla Sogn Biohub. Her skal lokale aktørar som Sognekraft, Lerum, ViteMeir, SIMAS og Are Treindustrier sikre auka utnytting av bioverdikjeda og overskotskraft i området.

Prinsippet er i grunn enkelt, som prosjektet sjølv skriv: “I ei sirkulær tenking finst ikkje avfall, berre råstoff som kan brukast til noko anna”. I Sogn har me stort potensiale til å utnytte biologiske ressursar endå betre.

I prosjektet har SIMAS fleire satsingar, mellom anna utgreiing av pyrolyseanlegg for biokol. Det vil direktør Dagny Ugulsvik Alvik fortelje meir om på kick-off 3. juni.

– Dette kan vere eit kjempetiltak for å redusere CO2-utslippa i Sogn, sa styreleiar i SIMAS, Torunn Hønsi, under forprosjektet med biokol i 2020.

Kickoff 3. juni på ViteMeir

På lanseringsdagen vil ein rette fokus mot kva ein ‘grøn hub’ er, og kva den kan betyr for lokalsamfunnet vårt. Me vil få høyre frå aktørar som allereie arbeider med sirkulærøkonomi og få presentert framtidsplanane i huben.

Fagleg program kl. 09:45 - 12.00 og opning av Vitenparken utanfor ViteMeir kl. 12:00-12:30.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Stans i mottak av landbruksplast på miljøstasjonane

Neste
Neste

Sikre deg kompost på hagedagen 1. juni