Stans i mottak av landbruksplast på miljøstasjonane

Frå 1. august er det slutt på mottak av landbruksplast på miljøstasjonane. Det vil framleis vere mogleg å levere direkte til avfallsmottaket på hovudanlegget i Festingdalen.

Landbruksplasten skal vere sortert og rein, slik at den kan gå vidare til attvinning.

Miljøavgifta som betalast ved innkjøp av landbruksplast går til å dekke handsaminga av plasten frå Festingdalen og vidare til attvinning. Den dekker ikkje våre kostnader knytt til frakt av landbruksplast mellom miljøstasjonane og Festingdalen.

I Vik kommune er ny ordning allereie i gong. Her er det t.d. Røyrvik Betong som henter landbruksplast på anbud.

Sjølv om plasten brukast “heime” på garden, er dette definert som næringsavfall og me anbefalar difor å ta kontakt med til døme Sirkla Ressurs for innsamling.



Forrige
Forrige

Engasjement for kjeldesortering på Lustramarknaden

Neste
Neste

– Det finst ikkje avfall, berre råstoff som kan brukast til noko anna