Engasjement for kjeldesortering på Lustramarknaden
Kor lang tid brukar ulike material på å brytast ned i vatn? Rett svar kunne gje deg premie på årets Lustramarknad.
Laurdagen starta kald og våt i Gaupne, men litt regn dempa ikkje stemninga på marknaden. Det var fleire som tok turen innom SIMAS sin stand for å diskutera det grøne skiftet og kjeldesortering.
Dei fleste tok utfordringa med sorteringskonkurransen på strak arm. Her skulle ein sortere diverse typar avfall i riktig fraksjon.
Noko vanskelegare var det å tippa kor lang tid det tek for ulike material å brytast ned i vatn.
- Nivået var veldig høgt blant deltakarane! fortel ein nøgd Jørn Mortensen, som saman med to kolleger stilte for SIMAS på marknaden.
Vinnaren av konkurransen ble trekt tilfeldig bland deltakarane.
Ingrid Slinde vart den heldige som fekk med seg eit SIMAS-handlenett, solbriller og kokeboka Restekjærleik. Den inneheld mange gode tips for korleis ein kan bruke opp maten du allereie har i kjøleskåpet.
SIMAS takkar for denne gong og ser fram til å møte fleire sogningar på marknadar i framtida!
Fleire bilete frå dagen:
(Klikk på bileta for stor visning)