Sikre deg kompost på hagedagen 1. juni

Laurdag 1. juni er det hagedag på Sogn folkemuseum.

Sommar på museet på Kaupanger. Foto: Anita Aasen

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum inviterer alle hageinteresserte til hagedag laurdag 1. juni.

Her kan du skaffe deg nye og spanande planter, ny kunnskap, kose deg på museumskafeen og treffa andre hageentusiastar i vakre omgjevnader.

SIMAS vil vere tilstades for å vise det lokalproduserte og klimavenlege produktet vårt, SIMASkompost.

Komposten vår er laga av matavfall som blir levert inn frå abonnentane våre, og er dermed eit godt døme på sirkulærøkonomi i praksis. Her nyttar me ei lokal (avfalls)råvare til å produsera noko nytt.

Sjåast me på arrangementet på laurdag?

Meir om hagedagen her.

Meld deg gjerne på Facebook-arrangementet for å få med deg siste nytt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

– Det finst ikkje avfall, berre råstoff som kan brukast til noko anna

Neste
Neste

– Om 30 år er me eit grønt, sjølvforsynt og sirkulært samfunn