Eit steg nærare biokolanlegg

Torunn Hønsi i Vestlandsforsking med biologisk avfall frå trevirke som skal bli til biokol.

– Dette kan vere eit kjempetiltak for å redusere CO2-utslippa i Sogn.

SIMAS har vore med i forskingsprosjektet Føniks, for å sjå om det biologiske avfallet me har kan nyttast til ein ny ressurs i form av biokol. Prosjektet har vore eit moglegheitsstudie over 10 månadar, for å sjå på moglegheita for å produsere biokol i Sogn og kartlegge effekten biokolet kan ha i regionen vår.

SIMAS har vore prosjekteigar og Vestlandsforskning prosjektleiar, medan Regionalt forskingsfond Vestland har finansiert forprosjektet.

Her kan du laste ned Føniks-rapporten.

Kvifor biokol?

Ved å ha eit biokolanlegg i Sogn, får me produsert biokol av avfall som i dag ikkje vert nyttiggjort, i tillegg til avfall som SIMAS køyrer til Sverige. Prosessen med å framstille biokol vil kunne gje klimanøytral overskotsvarme til oppvarming av bygg i området rundt (på størrelse med eit småkraftverk), og biokolet blir i seg sjølv eit nyttig produkt tilgjengeleg for alle.

Biokolet vil kunne blandast med kompostjorda til SIMAS. Då har me eit nytt superprodukt folk kan nytte i hagen, bøndene i jordbruket og entreprenørar som fyllmasse langs vegar, eller i andre byggeprosjekt. 

Biokol bind CO2 og vil vere eit godt klimatiltak. Bøndene som nytter biokol på åkeren sin, vil få eit mindre karbonfotavtrykk frå produksjonen sin. I tillegg vil biokol binde vatn og næringstoffer, noko som både har fordelar for bonden med tanke på vassbalanse i tørkeperiodar og mindre erosjon og utvasking i ekstreme nedbørsperiodar. Sidan meir vatn vert halde tilbake i jord med biokol, vil lokalsamfunnet også kunne oppleve mindre skader frå store nedbørsmengder og flomfarer.

– Me har sett litt til Lærdal kommune i prosjektet, som med sitt sandrike jordsmonn har mange eigna bruksområde for biokol og som allereie jobbar aktivt med å redusere klimagassutslepp i jordbrukssektoren, seier Torunn Hønsi i Vestlandsforskning.

Hønsi fortel at jordbrukssektoren i Lærdal aleine produserer rundt 5000 tonn CO2-ekvivalentar per år. Berre avfallet som kjem frå skoghogst og vegrydding i regionen i løpet av eit år, kan binde meir CO2-ekivalentar enn dette.

– Nytter me dette avfallet til å produsere biokol, som igjen kan nyttast i jordbruket til å binde CO2, har me eit kortreist kretsløp som vil hjelpe kommunane i Sogn med å bli klimanøytrale, fortel Hønsi.

Hallvard Thomassen i SIMAS og Torunn Hønsi i Vestlandsforskning etter sluttmøtet for forprosjektet i november.

Resultat av forprosjekt

Kartlegginga av avfallet viser at SIMAS kan samle inn rundt 20.000 tonn tørrstoff (tørka råstoff), som inneheld nesten 9000 tonn karbon. Dette er avfall som kjem frå trevirke ved vegrydding, GROT, fiskeslam, slakteriavfall, blanda trevirke, avløpsslam, sikterest, hage og parkavfall og matavfall.

– Mykje av dette avfallet vert ikkje nytta i dag, og noko av avfallet køyrer me til Sverige. No ser me at det er eit stort potensial i å heller nytte dette avfallet til å produsere biokol her i Sogn. I tillegg til at biokol bind CO2, hjelper det til med å halde på vatn ved tørke eller høgt nedbørstrykk. Biokol kan kallast eit klimakinderegg, som både gir betre agronomi, er eit tiltak for karbonfangst- og lagring og er eit klimatilpassingstiltak, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS. 

Forprosjektet viser at det kan produserast nærmare 6.000 tonn biokol frå alt tilgjengeleg bioavfallsråstoff i området vårt. Dette kan spare klimagasutslepp tilsvarande nesten 10.000 tonn CO2-ekvivalenter per år.

– Om me nyttar 6.000 tonn biokol i jorda rundt om i Sogn, vil det føre til at nesten 10.000 tonn CO2-ekvivalentar blir lagra stabilt kvart år, utdjupar Dagny.

– Me lyt sjå langsiktig på det når me snakkar om agronomi og klimatiltak. Neste generasjon vil også ha god nytte av at me brukar biokol i dag. Lågare CO2-utslepp gir mindre klimaendringar, i tillegg til at karboninnhaldet og jordkvaliteten vil kunne vere langt betre om 50 år, legg Hønsi til.

Vegen vidare

Forprosjektet viser at eit biokolanlegg i Sogn har veldig stort potensiale. Nå gjeld det å samle inn meir data og bygge eit større forskingsprosjekt å gå vidare med.

– Det ser veldig lovande ut. Det ser ut til at me bør gå vidare med å lage biokol av trevirke, her er det størst potensiale. Men dette kan verkeleg vere vinn-vinn både for oss i avfallsnæringa og for landbruksnæringa om me får til slike korte kretsløp og får nytta avfallet me samlar inn som ein ressurs, fortel Ugulsvik Alvik begeistra.

Lese meir om prosjektet? Sjå artikkel på vestforsk.no.

Forprosjektet viser at det kan produserast nærare 6.000 tonn biokol frå tilgjengelege avfallsråstoff i området vårt.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

«Ny» gate med nytt og banebrytande grøntanlegg

Neste
Neste

Hyttecontainer på Vikafjellet er tekne inn for vinteren