SIMASkompost

Alt mat- og hageavfall me samlar inn i Sogn, blir gjort om til næringsrik kompostjord. Me nyttar også slam i produksjon av ParkKompost.

Kompostjorda frå SIMAS er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.

Du kan kjøpe kompostjord på alle miljøstasjonane våre eller sende inn skjema via nettsida for å avtale større mengder. I Festingdalen kan du få hjelp til lasting av større mengdar kvar onsdag (ta kontakt på førehand).

*Ønskjer du bigbag, kostar det kr 120,- ekstra.

Privat (inkl. mva.)

Prisar kompost

Proff (ekskl. mva.)

Typar kompostjord

1. Rein kompost

Tilgjengeleg på alle miljøstasjonar.

kompostjord.jpg

2. Kompostmix

Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.

kompostjord%252Bpallekarm.jpg

3. Parkkompost

Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.

4. Parkkompostmix

Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.

Plen+av+kompostmix+2+.jpg

Slik gjer du

Besøk føretrekt miljøstasjon.

  1. Fyll opp ønskt mengde kompost i tilhengar, dunkar eller posar (me sel posar). Spade vil vere tilgjengeleg. I Festingdalen kan me på onsdagar hjelpe med lasting, ta kontakt på førehand!

  2. Betal på miljøstasjonen, helst med Vipps. Me hjelper deg å finne riktig pris og mengde.

  3. Følg anbefalt bruk av dei ulike kompostprodukta (hugs t.d. å blande ut vanleg kompost).

  4. Nyt frodig vekst!

Gjenbruk av gode råvarer

SIMAS jobbar for ressursar på rett veg. Me ønskjer å gjenvinne det me kan av avfallet i Sogn. Difor er me glad for å ha fått fram gode kompostprodukt.

Alt av våtorganisk avfall blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar, og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess. I denne prosessen oppstår det store mengder varme som tek knekken på bakteriar, frø og snigleegg. Me loggfører temperatur, blåser inn luft og vender rankene med jamne mellomrom. Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, før produkta er klare til bruk.

Me er eit godkjend anlegg til kompostering av Mattilsynet, og alle kompostprodukta følgjer krava til produktkvalitet, jf. Gjødselvareforskriften kap 3. Produksjonen følgjer visse krav som sikrar at komposten er hygienisert, og at vi har god kontroll på innhaldet. Sjå varedeklarasjon for meir info.

Fordeler med bruk av kompost

  • Tørkesterk jord: Sand og jordtypar med lite humus er svært kompakt og tørkar fort ut. Ved å tilføre organisk stoff i form av kompost held jorda betre på fuktigheita og du får mindre tørkeskader.

  • Sunt jordliv: Kompost inneheld milliardar av sunne mikroorganismar som bidreg til næringsomsetning og reduserer førekomsten av sjukdomsframkallande bakteriar og sopp.

  • Stabile skråningar: I jordskråningar av sand, silt og leirholdig jord oppstår ofte problem med utvasking og utgliding. Ved å blande inn kompost bindast jorda betre saman, og det etablerast raskare plantevekst.

  • Næring: I tillegg til å bidra med hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium, inneheld komposten alle sporstoff som plantane treng. Næringsstoffa blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen.