Fyller sentrumsbeda med SIMASkompost

sogndal hagelag kompost.jpg

Sogndal kommune og Sogndal Hagelag har oppgradert grøntområda i sentrum - med SIMASkompost.

Sogndal kommune har fått ein del peppar for grøntområda sine. Dei har ikkje vore stelt slik dei burde.

– Det måtte me gjere noko med, så me har oppretta ein 30 prosent stilling til å få orden på dette, fortel anleggsgartnar Kari-Anne Kirsebom Strandman, som er tilsett i stillinga.

Ho har fått god hjelp av hagelaget til å fikse opp sentrum i Sogndal, og då SIMASkompost kom opp som eit alternativ, var ho veldig positiv.

– Det er så bra at vi kan bruke søpla vår som ein ressurs. Det er positivt både for miljøet og for plantane som skal bruke næringsstoffa. Eg var redd komposten skulle lukte og vere vanskeleg å jobbe med, men massane er fine og lukter ikkje noko særleg. Så eg er spent på å sjå korleis det veks i Sogndal i år.

– Det har vore veldig fint å få kyndig faghjelp hjå SIMAS. At dei kan hjelpe oss med kva vi treng og gi oss råd, er superpositivt, legg ho til.

Les meir om SIMASkompost.

sogndal kommune kompost.jpg
sogndal hagelag kompost i sentrum.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No kjem den fjerde dunken til Kaupanger

Neste
Neste

Her sjekkar dei kva med-studentane kastar