No kjem den fjerde dunken til Kaupanger

Robin Frinchsen og Geir Øygard i SIMAS.

Robin Frinchsen og Geir Øygard i SIMAS.

Denne veka begynner me å køyre ut behaldarar for glas- og metallemballasje til alle husstandar på Kaupanger.

No skal me køyre ut behaldarar til nesten 500 husstandar på Kaupanger. Me startar denne veka (veke 22) og håpar å vere klar i løpet av juni.

­– Sogneprodukt hjelper oss med utkøyringa fram til sommarferien. Etter ferien har me også med oss ATS og skal begynne å køyre ut til gamle Sogndal kommune og Aurland kommune. Etter kvart beveger me oss utover fjorden og håpar alle skal ha fått den fjerde dunken ila året, fortel Geir Øygard, anskaffing- og prosjektsjef i SIMAS.

Vellukka prøveordning

I fjor haust starta SIMAS å køyre ut behaldarar til alle husstandar i Luster og Lærdal. Dette vart ei prøveordning for å sjå kor ofte behaldaren burde tømmast og om fraksjonen skulle tømmast saman med ei anna fraksjon eller aleine.

– Me måtte teste kapasitet på bilane og sjå korleis logistikken fungerte. No har me funne ein modell med tømming kvar 12. veke og det trur det er greitt. Me testa kvar 8. veke, men det vart for tett.

Øygard er nøgd med prøveordninga og meiner folk er flinke til å sortere riktig. Han opplever òg at fol fleste er veldig positive til den fjerde dunken.

– Nokon misforstår gjerne dette med emballasje og kastar spikar og knuste glas med. Det som er viktig å hugse på er at dette er glas- og metallemballasje. Spikar og glas skal i metall og glas på miljøstasjonen – ikkje saman med metallboksar og syltetøyglas, forklarar Øygard.

– Me har full forståing for at det er lett å ta feil, så me ser på dette som ei innkjøringsfase og trur ein del feilsortering går ned når folk blir vand til dette, legg han til.

No trur me det er en auke på innsamling av glas- og metallemballasje. Me har ikkje tal enda, men håpar sorteringsgraden går opp. Hugs at du kan gå ned i behaldar for restavfall og betale mindre, det er restavfallet som kostar.

glas og metall.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

40 lastebillass med SIMASkompost til Flåm

Neste
Neste

Fyller sentrumsbeda med SIMASkompost