Vart ikkje dunken din tømt?

Då er årsaka feilsortering eller at du har putta for mykje i behaldaren din.

Feilsortering: Plastpose i våtorganisk avfall.

Feilsortering: Plastpose i våtorganisk avfall.

Renovatørane får ikkje alltid tømt alle behaldarane som står klar til tømming på tømmeruta si. Årsaka er gjerne feilsortering eller overfylte behaldarar.

- Abonnentane ringer og fortel at det må vere forbipasserande eller andre som har nytta seg av behaldaren deira som gjer at det er vorte feilsorteing, seier Geir Øygard, driftsjef i SIMAS.

- Dette er synd, og veldig frustrerande for abonnentane, fordi det er eigaren som er ansvarleg for dunken og innhaldet i den, forklarar han.

Då det er eigaren som er ansvarleg for innhaldet i behaldaren må han betale for ekstra tømming eller ta hand om det feilsorterte avfallet.

Feilsortering: Plastpose i våtorganisk. Renovatøren heng på ein lapp som seier kvifor dunken ikkje er tømt.

Feilsortering: Plastpose i våtorganisk. Renovatøren heng på ein lapp som seier kvifor dunken ikkje er tømt.

Feilsortert avfall kan skade menneskje, dyr og maskineriet på mottaket

Matavfall som er feilsortert inn i restavfallet vil føre til at avfallet blir fuktig og grisete, som gjer at maskinene kan få problem med sorteringa. Klede og tekstilar kan henge seg fast i utstyret og lage lange kveiler som kan skape driftsproblem. Glas og store metallgjenstandar har ofte skarpe kantar som kan skade transportbånda som fraktar avfallet rundt i anlegget.

- Feilsortert avfall kan i ytterste omstende gjere skade på renovatørane dersom me får eksplosjonar eller det byrjar å brenne, noko som kan skje om det er farleg avfall som er feilsortert. I høve feilsortert matavfall kan det føre til skade på dyr og natur, seier Øygard.

Ikkje greit å nytte andre sine avfallsbehaldarar

Dette er ikkje greit å nytte andre sine avfallsbehaldarar. Det er alle sitt ansvar å syte for å kjeldesortere avfallet sitt riktig.

Les og: Klart me bør føle skam!

Treng du større dunk?

Dersom loket på behaldaren ikkje går att når du har sett ut behaldaren til tømming, har du for liten dunk. Abonnentane må sjølve syte for å ha nok kapasitet i dunken ved å auke volum på avfallsbehaldaren. Du kan bestille ny behaldar på nettsida vår under behaldarbestilling, eller ringe oss på 57 65 70 70.

Forrige
Forrige

Kast plast rett i plastsekken

Neste
Neste

Ver varsam med farleg avfall