Ver varsam med farleg avfall

Farleg avfall er nettopp det: Farleg - for både dyr og menneskje. Difor må du handtere det varsamt

Om du er i tvil om noko er farleg avfall, er det best ikkje å ta sjansar: Lever det uansett som farleg avfall på miljøstasjonen så er du sikra at miljøfarlege stoff ikkje lekk ut i naturen.

Dersom farleg avfall ikkje vert kasta på rett måte kan helse- og miljøfarlege stoff koma ut i naturen. Dette kan skje gjennom kloakksystemet dersom me kastar avfallet i vasken eller toalettet, ved utslepp frå avfallsforbrenning som ikkje er tilpassa farleg avfall, eller over tid gjennom vatn og fordamping frå avfallsfyllingar.

Produkt merka med faresymbol

Tom emballasje skal leverast som farleg avfall dersom det er merka med eitt eller flere faremerke. Her finn du ei oversikt over faremerka.

Farleg avfall er til dømes:

  • Syrer og basar

  • Plantevernmiddel

  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer

  • PCB

  • Asbest og eternitt

  • Spillolje

  • Måling, lim og lakk

  • Sprayboksar som t.d hårspray, måling osb

  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevæske

  • Vaskemiddel

  • Batteri

Dersom du er i tvil om noko er farleg avfall, spør på miljøstasjonen, eller sjå www.sortere.no og www.erdetfarlig.no. Her finn du òg oversikt over helse- og miljøskadelege stoff som finst i forbrukarprodukt.

Kva skjer med det farlege avfallet?

Når du leverer farleg avfall som maling, lim og lakk til mottaket, så sender me det vidare til trygg handsaming hjå godkjent anlegg. Noko farleg avfall som maling og lakk vert nytta som alternativt brensel i sementproduksjon. Der vert miljøgiftene uskadeleggjort under forbrenning med høg temperatur. Avfall som ikkje kan gjenvinnast vert deponert i godkjente deponi.

Vel heller miljømerka produkt

Ved å velje miljømerka produkt, vel du òg vekk farlege stoff i produkta. At eit produkt er miljømerka betyr at det inneheld minst mogleg helse- og miljøskadelege stoff, bidreg til mindre farleg avfall og produktet vert produsert med minst mogleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. I Noreg har me to offisielle miljømerker; Svanen og EU Blomsten. Svanen og EU Blomsten er begge såkalla "Type 1 merkingar" noko som betyr at det er ein uavhengig utanforståande part som granskar kriteria til om produket kan få bruke miljømerkinga eller ikkje.

Dei to miljømerka har og til felles at dei stiller krav ut frå eit livssyklusperspektiv. Det betyr at produktet si miljøpåverking vert vurdert i alle trinn fra råvare til avfall.


Las ned Min Renovasjon her:

Appen skal hjelpe deg å bli betre på avfallshandtering. Du kan sjå kva avfall som skal i kva behaldar og kva som er rekna som farleg avfall.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vart ikkje dunken din tømt?

Neste
Neste

Klart me bør føle skam!