Klart me bør føle skam!
Me er i starten på det grøne skiftet med overgang til ein sirkuler økonomi. Bakgrunn for dette er klimaendringane og bruken av jorda sine samla ressursar. I Norge har me skapt velstand og rikdom av å produsere Co2, og nytta rikdommen til å bruka opp ressursane på jorda! Hadde alle i verden hatt like stort ressursforbruk som oss i Norge so hadde me no trengt over 3 jordklodar – bør me då ikkje føle skam?
Å redusera klimaendringane handlar om endring i åtferd. Det same gjeld ressursbruken vår. Den vestlege verda kan ikkje forsetje å bruka opp jorda sine ressursar slik som i dag. Me kan ikkje sjå våre barnebarn i augo og fortelje dei at me deponerte eller brann opp alle ressursane me ikkje hadde behov for fordi dette var billig og enkelt! Difor må me sjå på avfall som ein ressurs for ny produksjon.
Dette er bakgrunn for at avfallsbransjen er i kraftig endring. Men pr i dag er ikkje rammene på plass for å få ein fungerande marknad eller verdikjede. På den eine sida er det nye krav til utsortering av fleire avfallstypar, men på den andre sida store utfordring med å finne miljømessig og kostnadseffektive løysingar for slutthandsaminga av avfallet.
Dette er krevjande utviklingsprosessar som krev innsats og ikkje minst vilje til å finne nye løysingar. For å løyse utfordringane me står ovanfor treng me ny kompetanse, ny samhandling og tydelege mål om kva med skal oppnå. Overordna mål for kommunane og avfallsselskapa er på mange områder klare – me skal til dømes gjenvinna 65% av hushaldningsavfallet innan 2035, alle skal sortere ut plast og matavfall i løpet av 2023 etc. Men kvar skal desse ressursane nyttast når det ikkje er mogeleg med avsetning?
Kva gjere so SIMAS? Me skal i år utarbeide ny strategiplan for verksemda i lag med eigarane våre. Me har eit godt grunnlag i dagens visjon; «Ressursar på rett veg», og me må no sette tydelege mål og finne nye løysingar både på innhenting og handsaming av avfallet. Men me må tenkje nytt, og det er ikkje lett! Eg trur at det kan vera greitt med litt skam – berre dette fører til endringar i åtferda vår!
Hallvard Thomassen
Direktør
SIMAS IKS