Kast plast rett i plastsekken

Nyttar du handlepose til å samle saman plastavfallet, knyter saman og kastar han i plastsekken? Det kan bli rekna som restavfall

Mange nyttar ein plastpose til å sortere plast i. Når plastposen er full, tek ein gjerne med seg heile posen og kastar den i plastsekken. Det kan me ikkje gjere.

Handleposane som er knytt att blir rekna som avvik i plastsorteringa. Når renovatørane tek i mot plasten på mottaket for plastgjennvinning, klarer dei ikkje å sjå kva som er inni handleposane, og må sortere dei ut. Posane blir då brende som restavfall - og me har sortert plast til inga nytta.

Korleis gjer du det rett?

Skyll plasten og kast han i behaldaren eller spannet du har på kjøkkenet til plast. Når behaldaren er full tek du med deg heile behaldaren og tømmer innhaldet utan handlepose kring plasten i den gjennomsiktige plastsekken. Knytt deretter att plastsekken og han er klar til levering. Det er viktig at sjølve plastsekken er knytt att, elles kan plasten blande seg med papir i komprimatorbilen, og då er det ikkje mogeleg å sortere plasten ut att.

Om du likevel ynskjer å nytte handlepose kring plastavfallet må du late vere å knyte att plastposen. Du kan tømme innhaldet i plastposen over i plastsekken. Sjølve plastposen kan du kaste i lag med plastavfallet når du har tømt posen. Eller du kan bruke plastposen fleire gonger til nye rundar med plastavfall.

Plasten vert frakta ut av Sogn

Simas hentar plastsekken med komprimatorbil. Komprimert plast vert tippa i pressehallen i Festingdalen. På mottaket blir plasten pressa enno meir saman før Grønt Punkt kjem og hentar han til gjenvinning.

Det er Grønt Punkt som syter for gjenvinninga og er ansvarleg for gjennvinngskjeda. Mykje av plasten vert gjenvunne i Noreg, men noko vert òg frakta til Sverige og Tyskland for gjenvinning.

Registrerer Grønt Punkt plastposer som er knytt att, blir dette rekna som avvik. Dei må då ta ut heile plastposen for å vere sikre på at det ikkje er noko anna enn plast som vert med i gjenvinningsprosessen. i dette tilfellet sorterer me altså til inga nytte.

Berre skyll plasten din godt nok, så treng du ikkje bruke handlepose i det heile.


Kva er reint nok? Sjå her:

 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Vårryddeaksjon 2020

Neste
Neste

Vart ikkje dunken din tømt?