Utvida søknadsfrist på direktørstillinga

Hallvard Thomassen i Festingdalen.jpg

– Me har ikkje fått inn så mange søkjarar som me hadde håpa på. Me veit det er ei litt spesiell stilling, så me må leite vidare, fortel Hallvard Thomassen.

Thomassen gir seg snart, etter 11 år som direktør i SIMAS. Jakta på etterfylgjaren har vist seg og ikkje vere so lett.

– Det har kome inn sju søkjarar og dei er fortsatt aktuelle. Men me hadde håpa å få inn fleire aktuelle kandidatar før me gjer eit utval og startar med intervju, fortel Jøril Hovland, styreleiar i SIMAS.

Ny søknadsfrist er sett til 31. oktober.

– Me har endra litt på ordlyden i stillingsannonsa, i håp om å treffe betre. I tillegg har me valt å gå litt breiare ut og leiter over heile landet, ikkje berre Vestlandet. Kven veit, kanskje det sit nokon i nord som vil flytte til Sogn?, seier Hovland.

Sjå stillingsannonsa og lenkje til søknad her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Her er stolane våre fornya av Sogneprodukt

Neste
Neste

Mange smaka turt brød og brune bananar