Her er stolane våre fornya av Sogneprodukt
Då SIMAS trengde nye stolar til eige møterom, fall valet på ombruk heller enn å kjøpe nye.
Stolane på møterommet hjå SIMAS i Festingdalen var både slitne og flekkete. Det skulle vel berre mangle etter trufast bruk i 12 år?
I haust var det uansett på tide med ei fornying.
Gamle stolar blir nye
I staden for å kjøpe heilt nye stolar, fall valet på å få dei gamle stolane omtrekt med nytt stoff. Sogneprodukt i Balestrand fikk oppdraget, og var ikkje vonde å be.
Dei ti møtestolane har no fått splitter nye trekk i ein flott gråfarge, og ved hjelp av fagmann Fadi er dei blitt så gode som nye.
Strålande fornøgde
– Det er fyrste gong me gjer dette, så me var jo litt spente, fortel Aud Jane Beheim hjå SIMAS.
– Med eit så vellykka resultat er dette garantert noko me vil satse meir på i fremtida og!