Mange smaka turt brød og brune bananar

Frå venstre: Alfred Haukeland (lærar) med elevane Faisal Mohamed Hassan og Toran Kaldestad.

Frå venstre: Alfred Haukeland (lærar) med elevane Faisal Mohamed Hassan og Toran Kaldestad.

Me overraska med velsmakande mat av «dårlege» matvarar.

Saman med Sogndal vgs, serverte me smaksprøvar på arme riddarar og smoothie på Amfi Sogningen på laurdag. Målet var å vise at matvarer som har gått ut på dato framleis har potensiale til å bli delikate rettar.

– Dette er eit ledd i målet vårt om å få ned matsvinnet i Sogn. I SIMAS ser me kor mykje mat folk kastar, eg veit at me alle kan bli betre, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

Difor har SIMAS opparbeida eit tett samarbeid med vg2 kokk- og servitørfag ved Sogndal vgs. Og det var elevane frå kokk- og servitørfag som laga og serverte rettane av mellom anna turt brød og brune bananar, medan Meny gav tilgang på «dårlege» matvarar.

Skeptiske før dei smaka

– Dette er matvarer dei ikkje kunne selje. Bananane henta me tidlegare og frøys ned - brøda var nokre dagar gamle, fortel Alfred Haukeland ved Sogndal vgs.

Han er glad dei fekk til å organisere ein slik dag på senteret, slik at folk får auga opp for kor lite som skal til.

– Folk var positive, stoppa opp og prata. Eldre personar fekk kjensle av «gamle dagar», der dei fekk arme riddarar. Ein var nok meir nøysam før i tida. Smoothie slo også godt an, fortel Haukeland.

– Ja, me fekk fleire tilbakemeldingar på at det var veldig bra at me har fokus på matsvinn, og at dette er ein enkel måte der alle kan bidra. Nokon var skeptisk til å smake maten når dei høyrte det var laga av gamle matvarer, men vart veldig positive på kor godt det smaka, fortel Ugulsvik Alvik.

Les meir om matsvinn-kampanjen her.

Mange var innom standen på laurdag.

Mange var innom standen på laurdag.

Både store og små likte maten.

Både store og små likte maten.

Frå venstre: Dagny Ugulsvik Alvik (SIMAS), Faisal Mohamed Hassan og Anders Haugen (elevar Sofgndal vgs), Hildegunn Øygard Hansen (lærar) og Mari Halset (SIMAS).

Frå venstre: Dagny Ugulsvik Alvik (SIMAS), Faisal Mohamed Hassan og Anders Haugen (elevar Sofgndal vgs), Hildegunn Øygard Hansen (lærar) og Mari Halset (SIMAS).

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Utvida søknadsfrist på direktørstillinga

Neste
Neste

Luster miljøpark tek form