Luster miljøpark tek form
Den nye miljøparken på Røneidsgrandane i Gaupne skal vere klar til overlevering i desember.
– Det begynner å ta form no. Rampen, der dei ulike containerane skal stå, er støypt ferdig og administrasjonsbygningen held på å reise seg, fortel Geir Øygard, anskaffing- og prosjektsjef i SIMAS.
I samarbeid med Luster kommune, vert miljøstasjonen i Luster flytta frå sentrum til kommunen sin eigedom på Røneidsgrandane. Kommunen har klargjort tomta, med ny tilkomstveg, og me i SIMAS hel på å byggje ein større miljøstasjon.
Går etter planen
– Me har valt å kalla det ein miljøpark, for å opne opp for meir miljøvennlege tiltak. Me har eit ønskje om auka fokus på ombruk og gjenvinning – og sjølvklart utvide tilbodet vårt slik at me kan rigge oss med fleire conteinarar og auke kapasiteten på kjeldesorteringa, forklarar Øygard.
Slik blir dagens miljøstasjon på rundt 2,5 mål auka til nesten 8 mål. Bygningsarbeidet starta i mai, med Havnen Anlegg AS som totalentreprenør.
– Det er moro å sjå at det nærmare seg. Overlevering skal skje i desember, og det ser ut som det går etter planen, fortel Øygard.
Mykje ombruksmaterialar
Han har tidlegare vore ute og ønskt seg ombruksmateriale frå folk. Ulike ting som skifer, fliser, dører og panel. No er det meste på plass.
– Me har alle dører og vindauge på plass, takstein til ytterkledning, syltetøyglas til ein skiljevegg, fliser til bad- og dusjanlegg og bildekk til blomsterdekor ute. Eg er glad me har klart å ha så stort fokus på ombruk – og folk har vore ivrige på å hjelpe oss og finne ting me kan nytte opp att.
– Me har til dømes fått kledning fra Gaupne barnehage. Dei skal utvide og har relativt ny kledning dei ikkje får nytta - som me no får tilgang til, legg Øygard til.
Ynskjer brukte møbler
No står det att å finne inventar.
– Me ynskjer ombruk av kontor- og møteromsmøbel. Så dei som har, må gjerne ta kontakt med meg (geiro@simas.no).