Kom og prøvesmak eit ekte matreddarmåltid!

unsplash-image-n73TTunlskE.jpg

Laurdag 2.oktober inviterer me til matreddardag på Amfi Sogningen.

- Elevar fra kokk- og servitørfag vil gi deg ein prøvesmak på matreddar-rettar dei sjølve har komponert. Det vil vere enkle, men innbydende smårettar, basert på mellom anna brune bananar og mjølk som har passert “best før”-datoen, forklarer Dagny Ugulsvik Alvik.

Målet med dagen er å vise at matvarer som har gått ut på dato  – framleis har potensiale til å bli delikate rettar.

Initiativet skjer i tett samarbeid vg2 kokk- og servitørfag ved Sogndal vidaregåande - som diskar opp rettane for deg.

Me ønskjer å nytte denne dagen til syne kor mykje godt som kan kome ut av matvarer, som ofte står i fare for å bli kasta.

Bli inspirert til å kaste mindre mat

Det har seg nemleg slik at halvparten av maten me kastar i Sogn, kunne vore eten.

- Ved å bli meir bevisste rundt eigne vanar, kan me alle gjere vårt for å redusere andelen mat som blir kasta.

Elevane vil vere klare med ein smakebit utanfor Meny på Amfi Sogningen, laurdag 2. oktober mellom kl. 12.00-16.00.

Gir det meirsmak? 

Me deler sjølvsagt oppskriftene med deg!

Arme riddarar

unsplash-image-5C2JmojQ6hQ.jpg

Ingrediensar:

  • 8 skiver loff eller anna lett brød

  • 2 egg

  • 2 ss sukker

  • 2 ½ dl mjølk

  • ¼ ts kardemomme eller kanel

  • Omlag 60 gr. (ca.4 ss) margarin

Framgangsmåte:

unsplash-image-k2bpMpVL02I.jpg
  1. Skjer brødet i centimetertjukke skiver.

  2. Visp egg og sukker saman og bland i mjølk og krydder.

  3. Legg skivene i eggeblandinga til dei er godt gjennombløytte.

  4. Steik dei fint og gulbrune på begge sider.

  5. Server arme riddere nysteikte med syltetøy eller raud saus.

Smoothie

Her kan du “redde” det du har for hand av fersk eller frosen frukt og bær:

  • Yoghurt eller andre meieriprodukt

  • Ulike bær eller frukt - skjønnhetsfeil har ikkje noko å seie for smaken!

  • Banan - er dei litt brune gir det ekstra smak og sødme.

  • Juice

Framgangsmåte:

Prøv deg fram til du får den så søt elle syrleg som du ønskjer. Å blende det saman vil krevje ei viss mengde væske.

 

Bli ein matreddar

SIMAS ønskjer auka fokus på matsvinn og har satt i gang kampanjen Bli ein matreddar, der sogningar deler gode idear om korleis ein kan redde mat. Kanskje du òg har eit godt tips å dele?

Les meir om kampanjen, få idear frå folk i Sogn og del eigne idear med oss.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Luster miljøpark tek form

Neste
Neste

Tek imot 400 elevar på skulebesøk