Tek imot 400 elevar på skulebesøk

Elevar frå 5. trinn på Luster oppvekstsenter på besøk hjå SIMAS.

Elevar frå 5. trinn på Luster oppvekstsenter på besøk hjå SIMAS.

I september og oktober får SIMAS besøk av elevar frå skular i heile Sogn. Dei kjem til Festingdalen for å lære meir om kjeldesortering og får omvising på anlegget.

Besøket som vanlegvis finn stad om våren, har i år vorte flytta til hausten. I perioden 13. september til 20. oktober vil nærare 400 elevar vere innom SIMAS.

Elevane får først ein teoretisk gjennomgang der dei lærer om kjeldesortering, får sjå film frå handteringa av ulike avfallstypar og avsluttar med ein quiz. Deretter er dei med på omvising på miljøstasjonen og kompostanlegget.

– Det er veldig kjekt å få besøk av elevane, seier Aina Fauske. Ho tek imot elevane saman med Karstein Teigen og kontorlærling Mari Halset.

– Det er viktig at dei unge får sjå korleis avfallet blir handtert og får lære om kjeldesortering. Dei er engasjerte og nysgjerrige, det er me glade for!

Elevar frå Luster oppvekstsenter lærer om kjeldesortering.

Elevar frå Luster oppvekstsenter lærer om kjeldesortering.

Elevane får omvisning i Festingdalen.

Elevane får omvisning i Festingdalen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kom og prøvesmak eit ekte matreddarmåltid!

Neste
Neste

«Ny» mottaksbinge for hageavfall i Gaupne