Tok fagbrev i anleggsmaskinførarfaget

Me i SIMAS ser viktigheita av fagutdanning, og gratulerer kollegaen vår Gaute P. Øen med fagbrev!

Førre veke bestod Gaute P. Øen fagprøven i anleggsmaskinførarfaget. No er han fast tilsett i i SIMAS, og har allereie opparbeid seg mykje erfaring. Han starta i SIMAS som lærling i transportfaget allereie i 2019.

– Lærlingeordninga er ein fin måte å rekruttere nye tilsette og auke kompetansen i bedrifta, seier Aud Jane Beheim, Økonomi- og HR-sjef i SIMAS.

– Ungdomane kjem inn i bedrifta som eit friskt pust med mykje energi og entusiasme. Det gir ein ny giv til andre tilsette som då ser oppgåvene med nye auge, forklarar ho.

– Eit godt arbeidsmiljø

Gaute treivst etter kvart så godt som lærling hjå SIMAS at han kunne tenke seg å bli verande.

– Eg har flinke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø. Etter læretida håpar eg så klart å få jobbtilbod i SIMAS, sa han den gangen.

Og det fekk han. Sidan den gang har han ikkje teke berre eitt, men to fagbrev. Først i yrkessjåførfaget og no i anleggsmaskinførarfaget.

Me gratulerer, og er glade for å ha Gaute med på laget!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Nytt skuleopplegg om ombruk og kjeldesortering

Neste
Neste

Jøril og Hallvard vart heidra for innsatsen i SIMAS