Nytt skuleopplegg om ombruk og kjeldesortering

Skuleelevar på besøk i Festingdalen.

400 skuleelevar i Sogn tek denne våren del i eit heilt nytt opplegg på SIMAS og ViteMeir.

I løpet av våren skal 400 skuleelevar lære om korleis ein kan redusere avfallsmengda gjennom ombruk og kjeldesortering.

Elevane får besøke SIMAS og får omvising på anlegget i Festingdalen. Her får dei sjå korleis dei ulike typane avfall frå hushaldningane i Sogn blir handtert.

Skulebesøka hjå SIMAS har vore arrangert fleire gonger, seinast i haust, med stor suksess.

Nytt samarbeid med ViteMeir

Heilt nytt av året er eit samarbeid med vitensenteret ViteMeir. Samarbeidet gjer at elevane i år får besøke både SIMAS og ViteMeir og lære om ombruk og kjeldesortering.

Som del av opplegget hjå ViteMeir har elevane tatt med eigne klesplagg som dei ikkje brukar, til dømes panneband, t-skjorter eller bukser, som dei har fått redesigna.

Vil hauste erfaringar

– Samarbeidet med ViteMeir er heilt nytt. Det er eit litt annleis opplegg enn me har hatt tidlegare med ei meir praktisk tilnærming. No må me hauste erfaringar og så vil me evaluere i etterkant, seier Aina Raasholm Fauske som har ansvar for skuleopplegget hjå SIMAS.

Elevane får redesigne eigne klesplagg hjå ViteMeir.

Hjå SIMAS får elevane sjå og lære om kompostjord.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med på Kystlotteriet i vår

Neste
Neste

Tok fagbrev i anleggsmaskinførarfaget