Bli med på Kystlotteriet i vår

Det blir rydda tonnevis med plast frå vatn, kyst og fjord kvart einaste år gjennom Kystlotteriet. Blir du med?

Saman med Kystlotteriet ønskjer me i SIMAS å tilretteleggje for at det skal vere både enkelt og gøy å rydde kysten for avfall.

Plast i havet skadar fiskar, sjøfuglar og marine pattedyr. Ved å bli med og plukke marint avfall kan ein bidra til å gjere ein viktig forskjell for desse dyra.

Til saman blir det rydda tonnevis med plast kvart einaste år gjennom Kystlotteriet. Blir du med?

Slik fungerer Kystlotteriet:

  1. Hent spesialsekk frå Kystlotteriet på ein miljøstasjon, eller ta kontakt med SIMAS om alternativ utlevering.

  1. Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Legg avfallet i spesialsekken.

  2. Lever sekken på ein av miljøstasjonane.

  3. Skann QR-koden på sekken med telefonen din og følg instruksjonane for å registrere sekken og få lodd. Du kan óg registrere sekken og få lodd på reg.kystlotteriet.no

  4. Ha godt samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingrane for at du i tillegg vert premiert for det :) 

Vinn flotte premiar og opplevingar

Det vert både lokale, regionale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Sjå meir informasjon om premiar hjå Kystlotteriet.

Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, og meld deg gjerne på via Ryddeportalen. Del informasjonen med venene dine og hjelp oss å spreie det glade bodskap!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

No får du kjøpt SIMASkompost ferdig pakka

Neste
Neste

Nytt skuleopplegg om ombruk og kjeldesortering