No får du kjøpt SIMASkompost ferdig pakka

Teamleiar Kjetil Nyland Fardal og student Sofie Aaberge Dale ved Luster Arbeids- og treningssenter (ATS) i Gaupne.

Takka vere ATS i Gaupne, kan me no tilby ferdigpakka kompost på alle miljøstasjonane våre.

Tidlegare har me i SIMAS lagt til rette for at kundane spar med seg kompost sjølv, alt etter om ein ønskjer å fylle posar, bøtter, tilhengar, eller tilsvarande.

I år har me fått god hjelp av ATS i Gaupne til å pakke kompostjord ferdig i posar, slik at du berre kan ta med deg ein pose med kompost på vegen, til 50 kroner stykke.

Ynskjer du kompostmiks eller parkkompost, har me dette i Festingdalen.

Kvifor kompost?

Kompost er eit godt jordforbedringsmiddel som tilfører jorda struktur og mikroliv. Kompost inneheld mikroorganismar som bidrege til ein sunn jordkvalitet. Dette kan vere med å forhindre sjukdomsutbrot på plantane og gje betre vekstvilkår.

Fordelar:

  • Tørkesterk jord: Sand og jordtypar med lite humus er svært kompakt og tørkar fort ut. Ved å tilføre organisk stoff i form av kompost, held jorda betre på fuktigheita og du får mindre tørkeskader.

  • Sunt jordliv: Kompost inneheld milliardar av sunne mikroorganismar som bidreg til næringsomsetning og reduserer førekomsten av sjukdomsframkallande bakteriar og sopp.

  • Stabile skråningar: I jordskråningar av sand, silt og leirholdig jord oppstår ofte problem med utvasking og utgliding. Ved å blande inn kompost bindast jorda betre saman, og det etablerast raskare plantevekst.

  • Næring: I tillegg til å bidra med hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium, inneheld komposten alle sporstoff som plantane treng. Næringsstoffa blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

SIMAS-abonnentar kan vere råka av Norkart sitt datainnbrot

Neste
Neste

Bli med på Kystlotteriet i vår