Jøril og Hallvard vart heidra for innsatsen i SIMAS

Styreleiar og administrerande direktør er takka av, medan Torunn Hønsi er valt inn som ny styreleiar.

I representantskapsmøtet fredag 22. april, vart styreleiar Jøril Hovland og administrerande direktør Hallvard Thomassen takka for innsatsen dei har lagt ned i SIMAS over lang tid.

Jøril har vore med sidan starten av MAIS-prosjektet, som var oppstarten til SIMAS. Jøril var varamedlem i styret frå 2004 og medlem i styret frå 2007. Ho vart styreleiar i 2009. 

– Jøril og Hallvard har vore eit godt tospann, som begge har vore veldig engasjert i utviklinga av SIMAS og har i lag jobba mot same mål: Å utvikle SIMAS til å vera ein viktig miljøaktør og ein god arbeidsplass i Sogn. Dei har klart å få fokus på at avfall er ein ressurs og har jobba kontinuerleg for å finne løysingar på korleis ein skal utnytte denne ressursen best mogleg, fortel Aud Jane Beheim i SIMAS.

Eit renovasjonsselskap som blir lagt merke til

Hallvard vart tilsett som administrerande direktør 1. mai 2010. Sidan då har det vore ei rivande utvikling i SIMAS. Hallvard er framoverlent og har bygd opp SIMAS til å bli eit renovasjonsselskap som blir lagt merke til på vestlandet, som andre ynskjer å samarbeide med og som blir spurt om råd. 

– Han har klart det han lova i 2010 – at det skulle bli eit sjekketriks å seie at ein jobbar i SIMAS. 

Det har vorte investert 135 millionar i den perioden han har vore direktør. Det har vore gjort store endringar i området i Festingdalen, korleis ein driftar selskapet, og korleis ein føl opp krav og retningslinjer frå myndigheitene. Det har vore ei stor utvikling i heile organisasjonen, slik at mange arbeidsoppgåver i dag er meir digitale, fortel Beheim.

Antal tilsette tredobla

Antal tilsette har vorte tredobla i den perioden han har leia selskapet og arbeidsplassen har vorte utvikla frå å vera ein arbeidsplass for ufaglærte til å bli ei god blanding av ufaglærte, faglærte og høgskuleutdanna. 

Tilsette har vorte involvert i utviklinga av selskapet, frå årlege strategisamlingar, til å få utvikle seg og vekse som medarbeidarar i selskapet. 

– Hallvard har alltid mange ballar i lufta, til glede og frustrasjon for dei som er rundt han, avsluttar Beheim muntert.

Ny styreleiar frå Vestlandsforskning

Ny styreleiar i SIMAS er Torunn Hønsi. Hønsi jobbar som seniorforskar på Vestlandsforskning og har bakgrunn frå miljø- og avfallsforvaltninga. Ho er utdanna med doktorgrad innan toksikologi, og vore engasjert i lokalpolitikken i Luster. Me er glad for å ha Hønsi med på laget.

Dagny Ugulsvik Alvik er konstituert som ny administrerande direktør/dagleg leiar i eitt år frå mai 2022.

Torunn Hansi og Dagny Ugulsvik Alvik saman i forbindelse eit biokolprosjekt SIMAS og Vestlandsforskning har samarbeida om.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Tok fagbrev i anleggsmaskinførarfaget

Neste
Neste

Kvifor nytte SIMAS sine sekkar til plastemballasje?