Kvifor nytte SIMAS sine sekkar til plastemballasje?

Det er det fleire gode grunnar til.

Alle abonnentar har nyleg fått utlevert ein ny rull med plastsekkar til å sortere plastemballasje i. Ein rull med 13 sekkar, ein til kvar månad pluss ein til julegåvepapir.

Har du ikkje fått eller treng fleire sekkar? Sjå her.

Små hol unngår at sekken sprekk

Sekkane er laga spesielt tilpassa prosessen me i SIMAS har når me samlar inn plastemballasje. Mellom anna har desse sekkane små hol for at lufta skal gå ut når dei komprimerast i renovasjonsbilen. Utan små hol vil sekken sprekke og plastemballasjen blanda seg med papp og papiravfall.

Vi samlar inn plastemballasje og papp/papir på same rute, for seinare å skilje ut plastsekkane. Då er det synd om plastsekkane er sprokke og har blanda seg med papir- og pappemballasje.

Plastemballasjen skal vidare bli pressa i Festingdalen, før me sender videre til Grønt punkt for sortering og gjenvinning av nye plastprodukt.

 

Bra innsyn og god informasjon

Ettersom sekkane er gjennomsiktige, kan både me i SIMAS og dei som tek i mot plasten frå oss, sjå kva abonnentane våre har kasta i sekken – noko dei er avhengig av. Difor ynskjer me også at du kastar plastemballasjen laust oppi sekken, og ikkje nyttar plastposar eller handleposar til å samle plast oppi.  

I tillegg kan du finne informasjon på sekken om kva me ynskjer skal kastast som plastemballasje – og kva som ikkje skal kastast som plastemballasje.

Difor ynskjer me at du nyttar sekkane du får utdelt frå SIMAS. Tusen takk!

NB! Me ynskjer at du unngår å knyte plastsekkene fast i behaldar eller andre ting. Renovatøren tømmer hundrevis av behaldarar i døgnet og det er krevjande om dei må knyte opp sekkane. Ein kan heller skaffe seg ein eigen krok til å feste på handtaket – eller bruke ein anna krok.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Jøril og Hallvard vart heidra for innsatsen i SIMAS

Neste
Neste

Vårryddeaksjon i Fjærland 25. april