Bli med på Strandryddeveka 2023
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Bli med på å rydde naturen vår 8.-17. september!
Strandryddeveka er eit årleg arrangement i regi av Hold Norge Rent. Det starta med ein strandryddedag i 2011, men etter kvart er interessen blitt så stor at arrangementet har blitt utvida til ei heil veke med rydding kvar haust!
Me i SIMAS heier på initiativet, og oppfordrar sogningane til å bidra. Ein kan rydde langs elver, strender og langs fjorden - eller på turstier og i byrommet. Gjerne i nærleiken av der du bur! Få med deg vener, familie eller kollegaer slik at me saman kan få det reint i naturen vår.
Både store og små ryddeaksjonar bidreg til ein reinare natur. Ta med deg hanskar og bossekk, og plukk du også!
Slik gjer du:
Finn ut kvar du vil rydde
Hent hansker og sekkar på ein av miljøstasjonane våre - heilt gratis
Rydd langs elv, fjord, strand eller på turstier og i bybildet - gjerne saman med andre!
Lever inn avfallet du har plukka på ein av miljøstasjonane våre
Viss du vil, kan du melde inn ryddeaksjonen din på Ryddeportalen. Her kan du reigstrere antal deltakarar og avfall de har samla inn.
Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. I 2022 bidrog 800.000 nordmenn over heile landet til frivillig opprydding!