Er du den nye kollegaen vår?

Renovatørane våre har ei viktig rolle i den daglege drifta.

SIMAS har ledig stilling som sjåfør/renovatør i 100% stilling med 1 års varigheit, med moglegheit for forlenging.

Visste du at kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året? Alt dette er avfall me ønskjer å sjå som ressursar. No treng me ein ny sjåfør/renovatør som skal hjelpe oss med å få Ressursar på rett veg.

Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting. Sjåførane våre er ein viktig del av den daglege drifta, og handsamar avfall i alle SIMAS sine eigarkommunar; Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Me kan tilby ein variert og kjekk kvardag, kor du vil vere sjåfør på renovasjonsbil og utføre dagleg vedlikehald og ettersyn av bilar og utstyr.

Interessert? Søk på knappen under. Og hugs søknadsfristen 17. september 2023!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kari frå Lærdal vann 10.000 kroner

Neste
Neste

Bli med på Strandryddeveka 2023