Kva gjer ein med julegåvepapiret?

Gåvene er pakka ut og julefreden har senka seg. Her kan du sjå kva du gjer med alt gåvepapiret som blir att.

Glansa gåvepapir inneheld fargestoff og leire som gjer det ueigna til gjenvinning. Difor må denne typen gåvepapir gå i restavfallet. Det er berre resirkulerbart gåvepapir og gråpapir som kan sorterast i behaldaren for papp og papir.

Sjå Framtiden i våre hender sin guide til grønare julegåver

Lever gåvepapiret i eigen sekk

På sjølve julafta er det lurt å ha framme ein bospose til glansa papir og ein eske til papir som kan gjenvinnast. Ikkje gå i fella og hiv vanleg papir saman med glansa papir, då blir alt til restavfall.

Alle kan setje ut ein ekstra sekk med glansa gåvepapir ved fyrste henting av restavfall etter jul, uten ekstra kostnad. Nytt den sekken du elles nyttar til plast, og legg sekken oppå restavfallsdunken.

Vel miljøvennleg gåvepapir

Vel heler ein miljøvennlig innpakning, då kan gåvepapiret sorterast og bli til nye papirprodukt. Miljøvennleg gåvepapir treng ikkje vere grått og trist, sjå berre biletet under!

Les også: Tenk miljø når du pakkar inn gåva

Du finn mange idear til miljøvennleg innpakning på Pinterest.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli med på Strandryddeveka 2023

Neste
Neste

Lær om kompostering: Familiedag på Sogn Folkemuseum