Lær om kompostering: Familiedag på Sogn Folkemuseum

Kom innom standen vår 3. september og sjå korleis du kan starte med heimekompostering.

De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum inviterer til familiedag søndag 3. september kl 11-16, i samband med kulturminnedagane 2023. På familiedagen vert det eplepressing, potetkakebaking og du kan lage ditt eige syltetøy.

Hagelaget kjem med bytetorg, og me i SIMAS er tilstades for å lære deg meir om kompost og heimekompostering. Nytt mogligheita til å lære meir.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kva gjer ein med julegåvepapiret?

Neste
Neste

Politisk engasjement for ombruk på Gjennvinnardagen 2023