Politisk engasjement for ombruk på Gjennvinnardagen 2023
Korleis kan me nå måla for ombruk og attvinning i Sogn? Det skulle lokalpolitikarane sjå og lære meir om då dei besøkte miljøstasjonen i Festingdalen.
22. august blei Gjenvinnardagen markert over heile landet i regi av Avfall Norge. I Sogn var SIMAS vertskap for lokale politikarar som skulle få sjå og lære meir om ombruk av ressursane våre.
Noreg har forplikta seg til å gjenbruke 65% av alt avfall innan 2035, i fjor var talet 44%.
– Det er eit stykke veg å gå. Det krevst investeringar i infrastruktur og teknologi, avsetting av areal og vilje til å satse på bransjen for at vi skal nå måla som er sett, sa SIMAS-direktør Dagny Karin Ugulsvik Alvik til NRK Vestlandsrevyen under arrangementet.
– Renovasjon er ei kommunal teneste, og då har politikarane ei viktig rolle i å bygge ned dei barrierane me har for å kunne bli meir sirkulære.
Nettopp difor blei politikarane invitert inn, og me i SIMAS er glade for å sjå mykje engasjement på dagen. Det blei óg tid til kjeldesorteringsquiz der dei fikk teste kunnskapen sin, matreddarlunsj frå SmakeMeir og gode diskusjonar. I etterkant av arrangementet samla alle SIMAS-tilsette seg på Quality Hotel Sogndal for strategisamling om korleis me skal jobbe framover for å nå visjonen vår om “Ressursar på rett veg”.
I reportasjen frå Vestlandsrevyen kan du mellom anna høyre kva Stig Ove Ølmheim (Ap, Sogndal), Gunnhild Olstad Bøyum (H, Sogndal), Jonatan Hurthi (KrF, Luster) og Arnstein Menes (Sp, Sogndal) seier om saka.