Kva skjer med papp og papir me sorterer?

Papp og papir sorterast i behaldar med blått lokk..

Sogningane er flinke til å sortere papp og papir. Men kva skjer eigentleg etter at SIMAS har tømt behaldaren din?

I 2022 spurde me abonnentane våre kva dei ønskte meir informasjon om frå SIMAS. Eit svar som gjekk igjen, var at folk lurer på kva som skjer med avfallet etter at det er sortert og henta av SIMAS.

Framover vil me laga ei rekke saker som svarer på nettopp dette. Først ut: papp- og papir.

Dette skjer med papp og papir frå Sogn:

  1. Papiret sorterast i riktig behaldar
    Papp og papir skal i behaldar med blått lokk. Behaldaren må ein hugse å setje ut på tømmedagen.

  2. SIMAS hentar avfallet
    Renovatørane hentar avfallet rundt om i Sogn. Papp og papir blir henta samtidig som andre fraksjonar, men renovasjonsbilen har to kammer slik at ein held råvarene frå kvarandre.


  3. Papiret blir levert til miljøstasjonen
    Renovasjonsbilen leverer papp og papir til Festingdalen. Her blir det tømt i pressehallen.

  4. Pressing og pakking
    Råvarene blir pressa saman til firkantar, slik at dei tek minst mogleg plass. Dei blir så oppbevart under tak, for å unngå at dei blir blaute (då vil råvarene løyse seg opp).

  5. Transport til materialgjenvinning
    Firkantane med papp og papir blir henta av vogntog. Dette er hovedsakelig vogntog som er på retur, altså køyrer dei ikkje til Festingdalen kun for å hente. Vogntoga fraktar råvarene vidare til materialgjenvinning i Danmark.

Sjå video som viser reisa:


I fjor sparte vi 11.200 tre ved å resirkulere papp og papir - berre i Sogn

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Politisk engasjement for ombruk på Gjennvinnardagen 2023

Neste
Neste

Maria er ny trainee i SIMAS