Maria er ny trainee i SIMAS
Trainee Maria Rüppel Alvestad skal jobbe i administrasjonen vår og bistå i juridiske spørsmål. Velkomen!
For andre gang har SIMAS valt å ha med seg ein trainee gjennom Framtidsfylket si traineeordning. Maria trer inn i stillinga Trainee juss og økonomi, og hadde den første dagen sin i Festingdalen no i august.
– Me var veldig fornøgde i fjor då me prøvde det for første gang. Ein trainee kjem med nye perspektiv og nye idear! Eg er sikker på at Maria kjem til å passe godt inn hjå oss, seier Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i SIMAS.
Bli litt betre kjend med Maria her:
Kvifor ønskte du å bli trainee i SIMAS?
Eg har alltid vore interessert i miljøet, og spesialiserte meg i miljørett då eg tok bacheloren min. Eg syntest stillinga verka spennande og innanfor det området i jussen som eg kunne tenke meg å jobbe med.
Korleis er førsteinntrykket ditt?
Alle er veldig hyggelege og hjelpsame! Eg trur eg kjem til å bli tatt godt vare på.
Kva er forventingane dine dette året?
Eg kjem til å lære masse og få eit godt innblikk i korleis bransjen fungerer. Eg trur eg kjem til å få brukt det eg har studert i praksis, og utvikle meg vidare.
Kva blir ditt viktigaste bidrag inn mot SIMAS?
Eg kjem først og fremst til å gje bistand i juridiske spørsmål. Særleg vil eg kunne støtte med tolking av lover og reglar knytt til denne bransjen, men óg innan personvernspørsmål.
Kva likar du å bruke tida di på når du ikkje er trainee i Festingdalen?
Eg er glad i turar i skog og fjell, å isbade, strikke og vere sosial.
Litt fakta om Maria:
Namn: Maria Rüppel Alvestad
Frå: Skien, men har budd i Oslo dei siste åra
Alder: 25 år
Bakgrunn: Bachelor i internasjonal juss, Kingston University London og master i informasjons- og kommunikasjon teknologi juss ved Universitetet i Oslo.