Skriv bacheloroppgåver i samarbeid med SIMAS
Har endringar i gebyrmodellen påverka kjeldesorteringa i Sogn? Og korleis er det med sigevatn i Festingdalen? I vår skriv fleire studentar bacheloroppgåver knytt til SIMAS.
SIMAS ønskjer å bidra inn i forskingsmiljøa rundt oss, og har jamnleg samarbeid med mellom anna Høgskulen i Sogndal (HVL). Denne våren er det fleire som har valt å skrive bacheloroppgåver om relevante tema:
Tre studentar ved Geologi og geofare har skrive om sigevatn på anlegget i Festingdalen. Dei undersøker mellom anna graden av forureining i grunnvatn og behov for fjellbrønn på anlegget.
Fire studentar, deriblant sommarvikaren vår Eirik Sundsøy, har undersøkt om endringane i gebyrmodellen i 2020 har påverka kjeldesorteringa i Sogn. I oppgåva samanlikner dei tal frå plukkanalyse i 2014 og 2022, for å sjå på skilnadar.
– Det er vinn-vinn-situasjon å samarbeide med studentar på denne måten, seier direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik.
– Vi får svar på problemstillingar vi har, og studentane får jobbe med ei reell oppgåve.
Me gler oss til det endelege resultatet!