Nytt sykkelsamarbeid med Sogneprodukt

Me får mange gamle og sletne syklar til SIMAS. No skal dei få nytt liv! Bilde frå Festingdalen.

Når du no leverer inn gamle syklar til SIMAS, blir dei sendt til Sogneprodukt. Der vil dei gje sykkelen nytt liv, eller ta i bruk dei gode delane.

I løpet av sommaren samlar SIMAS inn syklar som blir levert frå innbyggarane. Når hausten kjem, blir syklane transportert til Sogneprodukt i Balestrand. Her vil dei reparere syklane gjennom vinteren.

Om ein sykkel ikkje kan reparerast, vil ein alltids kunne plukke gode delar som kan brukast vidare. Eventuelle restar blir kjeldesortert.

– Dette prosjektet er heilt fantastisk, seier Jørn Mortensen i SIMAS.

– Å redusera avfallsmengda er første del i «Avfallspyramiden»., før ombruk og materialgjenvinning. Dette prosjektet følger verkeleg strategien om ein meir sirkulær økonomi!

Det nye prosjektet er det første handfaste resultatet frå studieturen om ombruk for bedrifter, som SIMAS arrangerte i april. Turen gjekk mellom anna til Resirkula på Hamar og Omigjen i Asker.

Deltakarane fekk mykje inspirasjon til korleis me kan oppnå auka ombruk i Sogn, og dette prøveprosjektet er blitt utforma vidare derifrå.

Sykkelreparasjonen blir eit nytt tilbod i porteføljen til Sogneprodukt, som allereie driv mange “grøne” produksjonar.

– Det er kjekt at me i SIMAS kan samarbeide med ein viktig aktør i regionen, som sørgjer for at fleire får arbeide og bidra i samfunnet. Det gler me oss over, fortel Jan Frode Bolstad, leiar for miljøstasjonane.

Takk til Sogneprodukt, Eirik Thue, Morten Røyrvik og Jan Frode Bolstad som har sparka i gang prosjektet!

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Skriv bacheloroppgåver i samarbeid med SIMAS

Neste
Neste

Endeleg er alle søknadsskjema digitale!