Slik klargjer du hagen for vinteren

kompost haust hage.jpg

Visste du at hausten er ei ypparleg tid for å legge litt ekstra innsats i hagen? No får du 20 % på kompostjord frå SIMAS.

Simas har kompostjorda og kunnskapen du treng no, for å gå ein enda litt grønare vår i møte.  

- Hausten er ei fin tid for å førebu hagen til vinteren, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i Simas.

Grunnlaget ein legg no har nemleg mykje å seie for kva resultat ein kan vente seg til våren. 

- Ein kan til dømes med fordel plante busker og tre på denne tida, før kulden kjem. Då er Simas si kompostjord eit rimeleg og effektivt verktøy for å lukkast med frodig vekst. Jorda er rik på karbon og mikroorganismar, med næringsstoff som blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen, forklarer Ugulsvik Alvik.

Simas sitt utval av kompostjord dekkjer ulike behov rundt om i Sogns mange hagar.

- Parkkomposten kan nyttast der det ikkje skal dyrkast etelege vekstar. Dersom ein skal plante tre eller busker kan det vere lurte å blande komposten med stadeigen jord, eller å nytte seg av miksblandinga vår, presiserer Ugulsvik Alvik.

Gi vekstane dine eit lag «isolasjon»

Før kulden og nattefrosten slår til, kan det også vere lurt å tenkje på plantene som treng eit ekstra lag vern mot den norske vinteren.

- Ein kan til dømes nytte seg av rein kompostjord til å dekke rundt planter i bed, eller strø på plenen, gjerne med eit lag lauv på toppen. Då har plantene det betre gjennom vinteren, seier Ugulsvik Alvik.

Spar pengar om du startar hagearbeidet no

Startar du med hagearbeidet no, kan du dessutan nytte deg av SIMAS sitt tilbod på kompostjord. Me har mykje kompostjord me ynskjer at abonnentane skal få nytte, så me gir 20% rabatt på all kompostjord ut oktober.

Les meir om kva type kompostjord me tilbyr, og korleis du kan nytte deg av den.

Planlegg neste års frodige hage allereie no.

Planlegg neste års frodige hage allereie no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kattar redda i Festingdalen

Neste
Neste

Få full oversikt med tømmekalender på mobilen